Kjemisk kastrering av pedofile

Lesarbrev

Kvart år vert alt for mange barn utsette for seksuelle overgrep. Dette er ei av dei verste formene for overgrep, då offeret som regel er heilt forsvarslaust og lett å manipulere, spesielt der gjerningsmannen er i nær relasjon til offeret.

Statistikk i frå Statistisk Sentralbyrå viser at seksuelle overgrep mot barn er eit aukande problem. Framstegspartiets Ungdom ser på denne utviklinga som svært alvorleg, og meiner at vi treng sterkare verkemiddel for å styrke barn sin tryggleik.

Førre helg vedtok derfor landsstyret til Framstegspartiets Ungdom ein resolusjon om å innføre kjemisk kastrering som straff for grove seksuelle overgrep mot barn. Dette vil vere med på hindre fleire overgrep i frå kjende gjerningspersonar.

Kjemisk kastrering inneber at testosteronnivået senkast, noko som fører til at sexlysta blir redusert og dermed også trongen til å utføre overgrep. Ordninga er blant anna prøvd ut i både Danmark, Polen, Russland, Storbritannia og fleire amerikanske delstatar med stor suksess.

Ørsta/Volda FpU ser på vedtaket til landsstyret i Framstegspartiets Ungdom som eit viktig tiltak i kampen mot seksuelle overgrep mot barn. Vi håper derfor at både Storting og Regjering legg merke til vedtaket og innfører ordninga snarast.

Anbjørn Steinholm Frislid
Formann Ørsta/Volda FpU
Økonomiansvarlig Møre og Romsdal FpU

Publisert i Møre-Nytt