FrP styrkar landbruket

Lesarinnlegg

Fredag 17.februar skriv Jenny Klinge(SP) i Vestlandsnytt om norsk landbruk. Ho kritiserer regjeringa sine ambisjonar, og meiner at det er gale å legge vekt på effektiviteten i landbruket.

I følje Klinge er tydeligvis alt gale med korleis dagens regjering styrer landbruket. Dette er FpU sterkt ueinige i, og derfor vil eg kome med nokre samanlikningar frå då Senterpartiet hadde landbruksministeren og no når Framstegspartiet har landbruksministeren.

I 2013 blei det berekna at Noreg var 48 % sjølvforsynt, mens i 2015 var Noreg 50 % sjølvforsynt. Altså ei auke på to prosentpoeng. Andelen norsk råstoff i kraftfôr har auka med 9 prosent frå 2014 til 2015, dette seie Klinge og Senterpartiet ikkje noko om.

2016 var andre året på rad at det var overproduksjon av sauer og lam i Noreg, og i 2016 var det slakta 56 000 fleire lam enn året før. Det var også 67 fleire lammeprodusentar og heile 212 fleire svineprodusentar i 2016 enn året før. Storfeproduksjonen har også hatt ei lita auke. Dette er totalt sett ei stor auke i produksjon av norsk mat, og dette med at Framstegspartiet leiar landbruksdepartementet.

Klinge skriv også om kor viktig det er at bonden får betalt for arbeidet ein gjer. Det er vi i FpU heilt einige i, og derfor er vi også vere stolte over at jorbrksavtalen frå 2016 ga grunnlag for ein inntektsvekst på 18,75%. Det er fullt forståelig at “landbrukspartiet” Senterpartiet ikkje liker å sjå at Framstegspartiet gjer det så godt på dette området, men eg meiner det blir for dumt å kritisere daens regjering på landbruk når resultata er so mykje betre enn då dei sjølv sat i regjering.

Karl-Oskar Sævik
Formann Søre Sunnmøre FpU

Publisert i Vestlandsnytt