Arbeid for alle

Lesarinnlegg

Den siste tida har arbeidsledigheita våre svært omdiskutert, både nasjonalt og lokalt her i Ørsta og Volda. Eg er stolt over Høgre/FrP regjeringa sin innsats for å skape nye arbeidsplassar.

Den nåverande regjeringa har skapt 80 000 nye arbeidsplassar, og på same tid er det kome 50 000 nye arbeidsledige, berre 20 000 av desse er i offentleg sektor. Regjeringa har satt av ekstra oljepengar for å skape desse arbeidsplassene, og desse pengene går til vedlikehald av skular og sjukehus, samt veg og jernbane.

I ei undersøkjing gjort av Ungdata, som Møre Nytt skreiv om i 2016, seier 13 % at dei trur det er realistisk å bli arbeidsledig. Dette er ei kraftig auking frå 5% i 2013. 66% seier at dei trur på eit godt og lykkelig liv, her er det 2% lågare enn i 2013.

I omlag eit halvt år har nedlegginga av Lånekassa i Ørsta våre diskutert. Kontoret i Ørsta har i underkant av 20 tilsatte og det var lenge frykta for at desse blei arbeidsledige. Den 23.januar i år, var landbruks- og matminister Jon Georg Dale, og innvandrings- og integreringsminster Sylvi Listhaug på besøk i Ørsta, med den glade beskjed om at Lånekassa i Ørsta får fortsette og dei omlag 20 tilsette var sikra fortsatt arbeid.

Framstegspartiet har ei rekke tiltak for å sikre arbeid for folk flest. Vi ønskjer å senke skattane i næringslivet. Ved å senke selskapsskatten enda meir enn skatteforliket, som mogleggjer at næringslivet kan investere i meir dei ansatte. Vi ønskjer også å fjerne læringskatten slik at bedrifter skal kunne ta inn fleire unge lærlingar. I tillegg meiner Framstegspartiet at arbeidsgjevaravgifta hemmar utvikling i næringslivet, og bør fjernast.

Berre med FrP sin politikk er vi rusta for framtida, derfor håpar eg du stemmer på Framstegspartiet ved valget i haust!

Brian Dale
Nestformann Ørsta/Volda FpU

Publisert i Møre Nytt