Kva med resten?

Lesarinnlegg

Den siste tida har det halde på ein debatt om afghanske asylsøkjarar, som har fått avslag på søknaden sin. Den handlar om Noreg skal behalde afghanske asysøkjarar fordi desse har blitt venar med menneskje i lokalsamfunnet?

Det er korrekt at asylsøkjarar skal jobbe for å lære norsk og norsk kultur, og difor gjerne få venar og integrer seg i lokalsamfunnet. Men vi kan ikkje ta inn alle berre fordi dei har fått seg venar eller har lært seg å snakke norsk. Noko anna som er viktig å ta i betraktning er at dei fleste som vert sendt ut har passert 18 år. Då er dei ikkje mindreårige meir. Dei skal sendast heim.

Mange av militærstyrkane i Afghanistan er norske soldatar. Er det rett at norske soldatar skal kjempe kampen for det afghanske folket, mens enkelte familiar sender sine gutar i håp om at dei skal få familiegjenforeining?

Det er eit faktum at mange sender den sterkaste i familien, i håp om at akkurat han skal overleve den farlege reisa og kome seg til Europa, eller til og med Noreg. Det er naivt å tru at enkelte ikkje har familiegjenforeining i tankene sine. Eg skjønar kvifor dei gjer det, fordi det er ein utveg vekk frå krigen. likevel meinar Framstegspartiets Ungdom at det er andre kampar som er mykje viktigare å ta. Det er at flyktningar skal få ein trygg veg til fridom utan å bli menneskesmugla. Slik vegen er i dag er han alt for farleg og utruleg mange kjem aldri fram.

Eit anna faktum er kvinnene og jentene som sit igjen i krigen og ruinar. Skal desse kjempe kampen for sitt land? FpU meinar at Noreg og fleire andre land burde bruke meir pengar til nærområda for å flytte hjelpa til dei som treng det mest.

Ved å opprette eige asylmottak i nærområda og gje hjelp med mat, vatn, ly og beskyttelse, kan vi hjelpe langt flerie enn berre “gutar” som er i Norge. Med FrP i regjering har vi fått gjennomført strengare reglar for familiegjenforeining samt også setje av meir pengar til nærområda. I Dagbladet 4.februar 2016 stod det at Noreg villge gi 10 milliardar i bistand til Syria, noko som vil seie ei auke på 2,4 miliardar berre i 2016.

I asylmottak i nærområda vil det vere lettare for heile familiar, men også for jenter å søke asyl utan å måtte reise. Dette er ei løysing som er mykje betre økonomisk for Norge samtidig som vi hjelper fleire menneske.


Lovise Nikoline Voldsund
Nestformann og økonomiansvarlig Søre Sunnmøre FpU

Først publisert i Vestlandsnytt