FpU vil at grunnlause asylsøkarar skal sendast heim

Lesarinnlegg

Eg har notert meg eit lokalt engasjement for at ”Sadeq” (16) og andre mindreårige asylsøkarar i same situasjon skal få bli i Noreg. ”Sadeq” er ein av dei som har fått avslag på asylsøknaden sin. For om lag ei veke sidan kom saka opp i Sunnmørsposten, og etter det så har fleire uttrykt si misnøye med å sende mindreårige asylsøkarar heim til land som Afghanistan. Fyrst vil eg streke under at FpU på ingen måte er imot å hjelpe menneske på flukt frå krig og forfylging.

No som ting har roa seg og UDI har mindre hastesaker å behandle, kjem enkeltsakene. FpU meiner at alle som ikkje har rett på asyl skal sendast heim, mindreårige skal også ha rett på asyl for å få bli i Noreg. Det er viktig at alle asylsøkarar som ikkje har grunnlag for å få asyl blir sende heim, fordi om alle får godkjent søknad så gir det eit signal til dei i heimlanda som ønsker seg til Noreg at det er berre å reise så får ein opphald. FpU meiner det er uansvarleg og gi slike signal. Reisa frå Afghanistan til Noreg er livsfarleg, derfor må vi gjere alt vi kan for at folk skal bli att i heimlanda sine, og om dei skal til Noreg, så må dei kome som kvoteflyktningar.

Det blei nemnt at ”Sadeq” har lært seg norsk, og kan engelsk. Det er vel og bra, og tyder på at dette er ein smart gut. Men det å vere flink og smart kan ikkje vere nokon grunn åleine for å få bli i Noreg. Det at asylsøkarar har fått vener og relasjonar i lokalmiljøet er heller ikkje god nok grunn til å gi opphald, folk flyttar mellom landegrenser til og frå vener fleire gongar i livet heilt frivillig, afghanarar er ikkje noko unntak. Afghanistan treng flinke folk for å utvikle seg, derfor er det mykje betre å sende afghanarar heim og heller støtte dei med midlar til arbeid og utdanning.

UDI har gjort ei vurdering, og har konkludert med at det er trygt å sende folk heim til enkelte regionar i Afghanistan. FpU stoler på at UDI ikkje trekkjer lodd om kven som får bli og kven som må reise heim, og vel derfor å tru at det er trygt å sende ”Sadeq” og resten av asylsøkarane som er i same situasjon heim.

 Karl-Oskar Sævik
Formann Søre Sunnmøre FpU
2.vara Møre og Romsdal FpU
Nestleiar Herøy FrP

Først publisert i Vestlandsnytt (4.11.16) og Vikebladet (8.11.16)