Reiser til hovudstaden på Oslo Pride

 

Denne helga reiser fleire i frå Møre og Romsdal FpU til Oslo på Oslo Pride for å vise solidaritet med LHBT-personar. Ein av dei som reiser er formann i Ørsta/Volda FpU, Anbjørn Steinholm Frislid.

Fredag førre veke byrja den 10 dagar lange festivalen Oslo Pride i hovudstaden. Festivalen har som formål å vere ein inkluderande møteplass for LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar), og bidra til auka LHBT-forståing og inkludering i det norske samfunnet. Heile festivalen avsluttast med ein storslått parade gjennom Oslo sine gater på laurdag.

Viktigare enn nokon sinne

Etter at massedrapsmannen Omar Mateen, skaut og drepte 49 uskuldige menneske i Orlando for halvannan veke sidan, er det mange i LHBT-miljøet som har følt seg utrygge. –Gjennom terror og hatkriminalitet av verste sort, blir det forsøkt å kneble vårt åpne og aksepterande samfunn. Det er derfor viktigare enn nokon sinne å møte opp i Pride-paraden og støtte opp om vårt mangfald og vår fridom, seier Frislid.

«Jævla homo»

Sjølv om tragedien i Orlando nok vil prege årets Oslo Pride, er det viktig å hugse på at homofile og transpersonar dagleg blir mobba, diskriminert og trakkasert.

Sjølv om vi i dagens samfunn har kome langt når det gjeld haldningane til homofile, er homo fortsatt eitt av dei vanlegaste skjelsorda i skulen. Dei fleste elevar har nok hørt nokon bli kalt for «Jævla homo», og kanskje opplevd å bli kalt det sjølv. I tillegg vert personar som avvikar ifrå forventningar til væremåte og utsjånad lett beskulda for å ha ei anna seksuell legning enn dei egentlig har. Negative haldningar til homofile rammar dermed også heterofile, fortel Frislid alvorleg.

Homofili i andre land

Mange stadar i verden er det mykje verre å vere homofil enn i Noreg. I over 70 land er homofili fortsatt straffbart, og fleire av desse landa praktiserer dødsstraff.

Fridomen til å kunne elske den du vil, og kunne utrykke kven du faktisk er, er universell for alle menneske verda over. Derfor går vi i paraden i solidaritet med alle dei som ikkje har den same fridomen som oss. Brei deltaking ifrå personar med alle ulike nasjonalitetar og bakgrunnar er derfor viktig, seier Frislid oppfordrande.

Bloddonasjon

Sjølv om homofile i Noreg i stor grad er likestilte med heterofile, er det nokre punkt som gjenstår. Homofile i Noreg kan blant anna ikkje donere blod til sjukehusa.

Paradoksalt nok så importerer vi heller blod frå andre land som for eksempel Sverige, i staden for å åpne for at homofile kan gi blod. Det kan då i praksis vere blod fra ein svensk «bög», men ikkje ein norsk «homo». FpU ser heldigvis utfordringa med at vi treng meir blod, derfor meinar vi at det burde åpnast for at også homofile kan gi blod, fortel Frislid engasjert.

Homofil på bygda

Det å komme ut av skapet som homofil er nok svært annleis i byane enn på bygda. I fleire år har det virka som om det er ein trend at homofile flyttar til byane for å lettare bli akseptert for si seksuelle legning. Frislid sjølv derimot, fortel at han har opplevd det å kome ut av skapet på bygda som ein god ting.

Bygdene er romsligare enn dei fleste trur, og det er ikkje slik at homofile må rømme bygda for å bli akseptert. Personleg har eg opplevd det å kome ut av skapet som homofil på bygda som ein god ting. Omtrent alle eg har sagt det til har vore positive og støttande. Derimot vil eg ikkje legge skjul på at her er personar med homofobe haldningar. Homofobi er fortsatt eit problem, og vi har alle eit ansvar for å ta tak i det, uansett legning, avsluttar Frislid.

Er du ikke medlem?

Som medlem i FpU får du være med på å utvikle morgendagens politikk og delta på mange spennende arrangementer.

CategoriesUncategorized